Innlegg av Solfrid Heskestad i Aftenbladet 25. November 2026
FN sin internasjonale dag for avskaffing av vold, blir markert den 25. november. Fleire organisasjonar har engasjert seg og møter igjen opp på Arneageren i Stavanger for appellar og talar for deretter ha et opent møte om teamet på Folkets hus i Stavanger.
Volden er ikkje berre grufull. Vondskap og mangel på respekt for kvinner ligg til grunn. Og i Norge kostar vold mot kvinner samfunnet 93 milliardar per år. I mange år har me vist fram tala som omhandlar omfanget av seksualisert vold. Dessverre har tala har ikkje avtatt. Nå må menn trø til for å avskaffa vold mot kvinner, den tid det er menn som står for dei valdelige handlingane.
Porno og prostitusjon er ideologisk terror mot kvinner, den sprer og forsterker ideen om at kvinner er mindre verdt enn menn og bygger opp under kvinnehat. Denne industrien påvirker hele samfunnet og ikke bare de som er direkte involvert. Alle kvinner gjøres til ofre ved at vi framstilles som en salgsvare. Dette må det bli slutt på.
Tenk at kvar femte kvinne har blitt voldtatt i Norge. Det er hårreisande og fører til store lidelsar for kvinnene og for familiane deira. Dei som er voldtatt får dessverre for dårleg oppfølging av politi og rettsvesen. Belastninga er stor for dei som anmelder voldtekt og mange orkar ikkje anmelda. Norge har innført samtykkelov, og det kan kanskje gje ein betre oppfølging av voldtektsoffera. Det forutset at befolkninga får kunnskap om kva som ikkje er eit samtykke.
I Norge skjer det utruleg mange partnardrap kvart år. 25 prosent av alle drap er partnerdrap. Partnerdrapskommisjonen har avdekt at dette er varsla mord, som kunne vore unngått om helsepersonell hadde fulgt opp avvergingsplikta og politiet hadde prioritert å følgja opp anmeldingar. I tillegg blir mange kvinner forfølgd av tidlegare partnarar. Heile familiar må flytta for å sleppa unna den voldelege mannen. Me fekk vedtak om auka bruk av omvendt voldsalarm. Ordninga har fungert positivt så langt, men det fordrar at politiet må følgja opp.
Norge har ein sexkjøpslov som blei vedtatt på Stortinget i 1998. Praktiseringa av loven har ikkje høg prioritet her. Frankrike hadde 10 års jubileum for sexkjøpsloven i april. I motsetnad til Norge er Frankrike stolte over sexskjøploven, og kan visa til stor reduksjon i antall hallikar og horekundar. Inviterte frå mange land møtte i Elyseepalasset for å feira, men ingen politikarar frå Norge kom der. Frankrike har ein praktisering av sexkjøpslov som me i Norge skulle hatt. I Frankrike er der tvungen omskolering av horekundar. Frankrike har gode tiltak for prostituerte som vil ha eit nytt liv utan prostitusjon. Norge har mykje å læra av Frankrike. Sverige har også ein betre sexkjøpslov og praksis enn oss.
Feministar har i årevis konfrontert politikarane med data og krav om tiltak mot den seksualiserte volden mot kvinner, men statistikken viser at omfanget av overgrep ikkje har avtatt. Nokre av dei milliardane, som menn sin vold mot kvinner kostar samfunnet, kunne blitt brukt til førebyggande tiltak. Me krev ei betre seksualundervisning i skulen, innføring av nettpornofilter, at befolkninga lærer seg kva eit samtykke er og ikkje er, at sexkjøpsloven blir handheva, og ikkje minst at vi får ei nasjonal kampanje for å mobilisera menn til å endra tankesett og handlingar.
Nå er det heilt naturleg at at unge menn tar ansvar. Elles kjem me ingen veg. Unge menn som ikkje voldtar, må seia i frå.